
Eg har strikka jamt og trutt i haust, og til meg sjølv har eg også strikka denne lilla genseren på tvers. Den er i mjuk alpakka, og var deilig å ha på. Når eg la den inn i skapet mitt kom eg til å tenke på at dette truleg er den einaste lilla genseren eg har hatt, iallefall så lenge eg sjølv har bestemt. Eg minnast at lilla var veldig in i tenåra, men eg styrte galant unna og satsa på rosa og var bestemt anti-lilla. Elles har lilla kun vore til advent hos meg og knapt nok det, inntil no. Mulig eg er påvirka av trenden i haust, det er jo lilla overalt. Puter, lys, lysestakar, orkidèar, glas, skåler og så vidare i alle slags lilla nyansar og fint er det også.



1 kommentarer:
Atter ein gong så misunner eg deg strikkeferdigheitene... Kanskje nokon burde halde kurs? Det er sikkert fleire enn meg som kunne trengt det...
Ha ein fin søndag!
Nydeleg gensar, forresten! Trur du kjem til å kle veldig godt den fargen!
Legg inn en kommentar