I dag har eg pakka inn dåpsgava til vesle Michelle, som skal døypast i morgon. Vi gler oss veldig til den store dagen, og det er ekstra stas å få vere fadderar til den nydelege jenta.
I den minste pakken ligg eit hjerteskrin, med rosa hjertesmykke i.
På baksida av smykket står Fadervår. Eg likar desse smykka veldig godt, kanskje fordi eg sjølv hadde eit når eg var lita jente. No ligg det i smykkeskrinet mitt og ventar på å bli brukt av neste jente som kjem i familien.



0 kommentarer:
Legg inn en kommentar