12. juli 2009

Sommarsnop!




Deilige jordbær frå Valldal med vaniljesaus...nydeleg!

7. juli 2009

Gamalt bestikk


Har endeleg fått tatt i bruk bestikkholdaren vi kjøpte i vår. Har hatt liggande eit gamalt sølvplettbestikk som min kjære kjøpte på qxl for nokre år sidan, som ikkje har vore i bruk. No skal det få stå på terrassen og blenkje i sola :)


Fint mønster, for fint til å ligge nedepakka i eit skap iallefall. Har til 12 og nokre til servering.





Den halvdaude rosa mi har blitt passe shabby;)



Ha ein fin sommarkveld!

5. juli 2009

Litt blomsterbilder


Fyllt Surfina i verandakassene




Nydeleg lysrosa Pelargonia



og Lavendel er nokre av blomstrane på terrassen i sommar.

21. juni 2009

Handduk i vinden










I ettermiddag kom sola fram og då var det strake vegen ut! Endelig litt sommarfølelse :)
Vi har grilla og kosa oss, og foreviga den nye handduken og kluten også. Har brukt Petunia frå Rauma, eit deilig garn med sommarnamn :)

16. juni 2009

Verdas vakraste


må dei vere desse pionane. Huskar så godt at besta hadde kvite i hagen sin.








15. juni 2009

Nytt til sommaren



Hvis det blir sommar i år...kan nesten begynne å lure når det er så kaldt
ute og regn i lange baner.

7. juni 2009

På terassen


Nydeleg sol har vi hatt i dag, om enn litt kald vind. Fekk endeleg tid til å potte om Pelargoniane mine, og ta i bruk korgtinga vi hamstra på KID her for noko sidan. Oljelampa vart fin vase til nokre få roser som ikkje har begynt å henge med hovudet.
Paviljongen er også ny i år, og då kan vi ha bordet samanslått. Det er fint for oss som ikkje har så stor plass :)








30. mai 2009

Nydelege roser




Frå min kjære


28. mai 2009

Nye kjøkkenklutar

Eg har strikka meg nye kjøkkenklutar! I mange år har eg brukt eingongsklutar, men det er det slutt på no.

Som dei fleste andre har vi også hamstra ein heil del lekre saker på KID. Har tenkt at desse skal få vere ute på terassen i sommar. Sidan det har pøsregna i fleire dagar ligg mesteparten på vent enno. Håper på sol så eg får plante og pynte litt ute:)



24. mai 2009

Kake




Gulrotkake med ostekrem, skikkeleg nam-nam!

18. mai 2009

Blomstrande koppar


Store, fine tekoppar med vakkert rosemotiv som eg gler meg til å drikke eplete av...


Te for to...


Salg -30% på glasmagasinet :)

15. mai 2009

Ferie

På mandag kom vi heim etter ei veke ferie i Tyrkia. Vi har hatt ein nydeleg ferie og skulle gjerne ha vore lenger. Vi budde hos gode vener i Oba utanfor Alanya i ei rålekker leilighet.





3. mai 2009

Strikkakjole til ei lita prinsesse





1. mai 2009

Det spirar!



No har det endelig begynt å skje noko! Bittesmå grøne spirar har kika opp av molda og strekker seg mot lyset. Det er nesten uvirkeleg at desse om ikkje lenge forhåpentlegvis blir slik.
Siste dagane har våren kome for fullt her hos oss, og i dag viste gradestokken 20+. Det er nesten kjedelig at vi skal reise på ferie mandag. Vi har blitt enige om å ikkje hente utemøblane før vi reiser, men det held jammen hardt for min del når det er så fint ute. Eg får gle meg til vi kjem heim att og håpe på at fineveret held seg;)

27. april 2009

Til en liten bror




Eg har strikka body og bukse i babyull til vår nye nevø. Likar så godt lyseblått så det vart fargen på mønsteret istadenfor kvitt.

22. april 2009

Inspirasjon frå Rauma





I dag var eg ein tur på Stoffsenteret og skulle ha meg litt forskjellig garn. Har etterkvart tenkt å strikke meg kjøkkenklutar (må berre sy knappar i bodyen og strikke ferdig kjolen først) fordi eg er så lei eingongsklutane eg brukar. Leita etter litt tjukk bomullstråd men fann ikkje noko som passa, så eg spurde i kassa og då leita ho fram dette rykande ferske heftet. Det er så nytt at mønster og garn enno ikkje har komt til butikken, men ho viste meg bestillingslista og eg fekk slenge på mine fargeønske. Ho hadde berre 2 av desse hefta, men eg var heldig å fekk det eine:)

Her var det litt for einkvar smak! Heftet er frå Rauma ullvarefabrikk med namnet pt design nr.93.

5. april 2009

Gamle mønster i nytt design


Søndagskos...





Dale har gitt ut dette heftet med oppskrifter som eg forelska meg i. Strikkepinnane klirrar allereie :D

28. mars 2009

Ei pute eller to

er kjekt å ha. Desse har eg strikka, inspirert av Slettvoll og fleire flinke bloggarar. Eg har brukt billig alpakka-garn, men det er det vel ingen som ser ;)


1. mars 2009

Snart vår


På loftet står Graniumane frå i fjor og blir større for kvar dag som går. Eg klipte dei heilt ned når dei visna på seinhausten, trur det vart litt vel mykje. Men det er liv i dei, og til sommaren skal dei få stå ute igjen. Sidan det ikkje vart så mykje igjen av dei har eg ikkje tatt stiklingar.



Desse har eg planar om å så med det første, må berre kjøpe såjord først. Eg har alltid hatt Petunia i verandakassene, men denne sorten har eg ikkje funne på hagesentera her omkring.

23. februar 2009

På strikkepinnane


Igjen har strikkelysta meldt seg og eg har begynnt på putetrekk nr.2. Her er nr.1.